Lagsbruk

Styrarinna og «stovegjentene»

Lagsbruka – eit viktig steg for kvinnearbeidsplassar og likestilling

Styrarinna/husmora sto for den daglege drifta, men tradisjonen har vore at ho måtte rådføra seg med styreleiar eller rekneskapsførar – som oftast var lagsfolk – i større saker. Større verksemder fekk gjerne ein mann til å vera dagleg leiar – og han fekk oftast vidare fullmakter.

«Stovegjentene» var ofte unge kvinner frå bygdene som på denne måten kunne få seg arbeid i byen og samtidig ein trygg plass å bu.

Mary Kviberg

Kom med idéen til den første Kaffistova i Oslo 1901 – og ho sat i styret for den.

Ingeborg Juvkam

Ingeborg Juvkam var «mor» for alle dei som budde på Heim for landsungdom i den tida ho var tilsett som styrar – frå 1929 til 1963. Juvkam fekk Kongens fortenstmedalje i gull for innsatsen sin for innflyttarane.

Gudrid Moren

Var gift med Sven Moren og var styrar for Kaffistova i Trysil ei tid.

 

Desse føresegnene blei utarbeidd for lagsbruka til BUL i Stavanger:

 

Medverknad

Kåre Kolås fortel om dei årlege samlingane i Lagsbruksnemnda. Dette var arenaen for styrefolka – og ev. mannlege driftsleiarar, og det var sjeldan at styrarinna fekk delta der.

 

Løner

Oversyn styrarinneløner frå 1958: Månadsløna til styrarinna på Bondeheimen i Farsund var kr. 5 861 i «2017-kroner»

 

Statistisk sentralbyrå: Resultat av utregning

450 kr i 1958 tilsvarte 5861,11 kr i 2017.

  • NOK, 1958, 450
  • NOK, 2017, 5861,11
  • %, Prisstigning, 1202,5

 

 

Frå ei årsmelding for 1959. Det var ikkje imponerande stor forståing for arbeidsfolks rettar. Men jamnt over er det grunn til å tru at tilsette i slike lagsverksemder kunne ha det meir romsleg enn i mange private forretningstiltak,

 

 

Sida er sist oppdatert: 22.10.2018

Tilbake til hovudsida