Lagsbruk

Opphavet til lagsbruka

Avisa Den 17de mai skriv den 12. september 1911:

 

Det er vel ikkje så lett å lesa, så me har skriva av teksten frå avisartikkelen her:

 

KAFFISTOVA 10 AAR

«Den første gang, den første gang.
Det gir saa mangen smaating rang»

«Ja, smaatt tok det til og mindre var det tenkt. Den vesle veneflokken som som stod for arbeidet i det nye bondeungdomslag, skyna snart at heimlaus landsungdom trong um meir enn ei hugnadsstund kvar fredags kveld. Og med kvart laget voks vart det vandare aa samla heile flokken til stevleik og folkevisekveldar hjaa gjestmilde "feder". Laget maatte sjølv raade seg til eit rom der lagsfolk kunne møtast saa ofte dei hadde hug.
Ei leserom laag nærast i tanken for dei fleste. Men MARIE KVIBERG sa: Det skal vera ei Kaffistove. So slepp ungdomen aa gaa paa restaurationane naar han vil ha seg mat. Og so vert han ikkje freista av drykken.
- Koss i heile verdi skal me faa det til?
- Me leiger tri smaa rom, og hjelpest aat med stellet. Berre me gjer det heimsleg og folkeleg, saa kjem nok ungdomen.
Ja, so var det avgjort at me skulde freiste. Chr Bruun studde oppunder. (Poul la Cour)? like eins. De maa faa ein stad der ungdommen kan finna vener og kjenningar dagstødt, sa den hjartans snilde professoren.
Daa voks modet. No skal tanken fram! ropa formannen og slo i bordet. Og lagsfolki fekk slik støkk i seg, at dei skreiv seg paa lista, sume for 5 kr. sume for 10, ja det var dei som vaaga heile f e m t i - rike ungkarar, skynar de.
"Aa herregud, nu gjaldt det, aa herregud nu smaldt det", sukka dei og tenkte: Me fer aldri ein skilling att av pengane, og rente hev me ikkje rett til aa krevja eingong.

Men ja menn var det gildt aa vera med paa eit nytt tiltak lel. Tenk um bønder i byen verkeleg van setja i gang noko i lag. Slikt hadde daa visst ikkje vore spurt fyrr. Me hadde ein døl i laget som var kjøpmann og tyktest skyna seg betre paa forretningar enn alle me andre "idealistane" ihop. Du veit han var ikkje fri for idealisme og slik narreskap han helder, endaa han sjeldan vilde vera ved det. Og so laut me taka han i flokken. Ja, han vart endaa teken med paa raad daa kaffistova skulde skipast.
- Det maa gjerast til ei forretning, og god forretning skal det verte og, sa Ivar Jørstad.
- Aa reis ned og nord med forretningane dine! bles me. Det er ikkje forteneste me tenkjer paa.
- Aa pengane er gode aa ha. Den som hev pengar , gjer kva han vil, meinte dølen, og var so stad og strid som ein stabbestein.
- So stod me der. Ikkje kunde me verte fri denne aaleitne karen, og ikkje torde me skysse han fraa oss helder. For naar me skulde seia av alt, var me syrgjeleg urøynde. Og me stod i ansvar til dei som vaaga pengar paa tiltaket.
- So fekk daa Ivar Jørstad raade for "forretningi". Draumen hennar Marie Kviberg um dei tri hyggjelege smaaromi utimot ein blomehage rauk med ein gong. Han gjekk midt ned i byen, millom Grensen og Karl Johan, og leige ein stor, vid sal.
- Kva skal me med denne fæle salen?
- Aa, me set ein lausvegg tvert over, og den flytter me innetter med kvart som Kaffistova veks. Og so kan laget halda møti sine her.
Det gjorde utslaget; for me lika aa ha alt paa ein stad. Og leiga var billeg, berre 1500 kr aaret for alt i hop.
- So vart salen maala med gilde bondefargar, og ordtøke burtetter listverket - daa kom han seg utruleg.
Og sistpaa tyktest me raade med den vande fyreloga: aa gjera bunaden i ei bondestove høveleg til "forretningsbruk" i sjølve hovudstaden. Me trivla lenge, men "Den norske husflitsforening" hjelpte oss godt til. Og teiknaren deira, M. Enge, skal ha største æra for bunaden baade i den gamle og den nye kaffistova. Ei dølegjente som sjølv hadde drive kaffistove, skulde hjelpe til med kjøken-innreidnaden. Men det var no eg som skyna det best, maa vita. Me tok ut ein komfyr med eit lite hol til kaffikjelen og eit stort til lefsehella. 45 kr. kosta han, so det var gruse greier. (Eg maa tenkja paa fru Gjelsvik som kjøpte ein komfyr til 450 kr. aat den nye kaffistova i Grænsen; det er fælt so lite vit kvinfolk hev paa kjøkenstell) Og kjøkenrom laga me etter komfyren; tvo gjentur kunde godt snu seg paa golvet.
Men det kjendes snart at me sat midt i Khristiansby og ikkje 'pund Dovrefjeld. Lefse-komfyren var utskibba - dei huga ikkje eingong aa gjeva meg hella til "amindelse". Og det trollet som kom istaden, var so diger at dei laut flytte veggen baade ein og tvo gonger. Fyrst daa han fekk ein gløande plaatekomfyr paa sida, gav han seg i ro. Det er komfyrane som fortel soga aat kaffistovene. Spør dei um resten!
- Kor mykje folk er det her paa stova stridaste dagane? spurde eg eingong fru Anna Hansen. Ho var trøytt og mødd av alt strævet, men vilde stelle det væl for gjesterne likevel.
- Aa, me hev rekna etter at me hev up upptil 3000 um sundagane. So det vert mange kaffikoppar aa bera fram.. Ja du store frygd, kor mykje kaffi dei hev drukke opp der burte i Slottsgata.
- Eg er fegen for tvo ting: at minst halvparten hev fare i byfolk, og at eg aldri hev smaka kaffien paa kaffistova. Kvifor kunde dei ikkje ha lydt meg og kalla ho for bondestova? Det var for simpelt, sa forretningsfolki vaare. Ingi byfrue vaagar seg innom døri til oss daa, kor kaffityrst ho so er.
- Ja, so kan de saa ha kaffien dykkar i fred for meg! Daa lo dei berre, og kviskra um at eg visst ikkje tolde anten kaffi-eim eller tobakksrøyk. Og eg laut fint sjaa paa at dei maala "Kaffistova" paa uppe og nede. Men ein milestolpe var det, anten du so likar namnet eller ei. Me hadde tenkt paa ein møtestad for landsungdom, og so kom byfolk og bønder til aa gaa der i broderleg einskap. Mange kom og bisna og vilde finne aat dovregubbane; men dei lika seg og kom att, vart faste gjester. So fekk dei noko nytt aa undre seg paa; at maalfolk kunde drive lønsam forretning og endaa ikkje sleppe bondegjerdi.»

 

 

Landslaga, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag har aldri spela nokon viktig rolle omkring etableringa av lagsbruk. Mary Kviberg i Bondeungdomslaget i Oslo var først ute med idéen om at laget skulle starta ein serveringsstad som forretningsverksemd, sjølv om begrepet «Kaffistova» var kjent frå før den tid.

 

Det ser ut til at idéen har spreidd seg til andre lag fordi dei likte den - og fordi det såg ut til at det gjekk an å tena pengar på den.

 

"I 1910 rann morgonroden over Haugesund mållag;

det opna si første kaffistove":

 

 

Enkelast kan ein vel sei at det var desse tre grunnane som var drivkrafta:

 

  1. Skaffa husrom til laget sin administrasjon og den kulturelle verksemda.
  2. Tena pengar til sosialt og kulturelt arbeid.
  3. Profilera laget i form av f. eks. mat, arkitektur/inventar, språk og anna kulturvern.

 

Men i soga til Trønderheimen har historikaren Asbjørn Øverås eit større perspektiv på grunntanken. Han tek til med å sitera Arnulf Øverland frå hans tale ved grava til Ivar Aasen 17. mai 1946:

 

«Endnu vet vi ikke, hvordan sproget i Norge ville være om hundre år. Men én ting er sikkert: Hvis bøndene hadde måtte undvære den selvfølelse, det gav dem, at de hadde sitt eget sprog, da ville de hatt vanskelig for å hevde sig politisk, og den demokratiske utviklingen i Norge vilde ikke ha fått sin frie vekst».

 

Det var ein slik brei folkevokster Ivar Aasen gjekk inn for, og Øverås held fram:

 

«Dette skjøna grunnleggarane av Trønderheimen. Og dei skjøna meir. Bønder og bygdefolk i byen måtte ut or dei simple bondelosjia rundt i veitene og nede på Brattøra og få ein heim og ein møtestad i byen som var dei verdige. Byfolk, om dei var aldri så mykje bønder i sitt opphav dei fleste, dømde mykje bygdefolket ut frå korleis dei budde på byturane sine. Det gamle stellet gav dei ein svært ring sosial posisjon. Det var beint fram eit eit viktig prestisjespørsmål for bygdefolket å koma ut or desse tilhøva».

 

Kor ille det kunne vera med overnattingsrom for reisande på 1800-talet, gir Aasmund Olavson Vinje ei levande skildring av i sine «Ferdaminne» frå 1860:



Korleis Kaffistova vart til

Artikkel av sokneprest Harald Devold, Tromsø  (vedlegg)

 

«Bondeheimen» - metafor eller politikk?

Nynorskordboka:

Oppslagsord Ordbokartikkel
bonde m. (norrønt bóndi, búandi, eigenleg presens partisipp av búa'bu, ha bustad')

 

Rota til ordet «bonde» kjem altså av det å bu. Dermed kunne me kjapt sei at biletbruken passar ikkje så verst som namn på eit hotell. Me har det same i tysk: Bauen/Bauer.

 

Men begrepet var nok - historisk sett - langt meir politisk ladd i den tida det blei til. «Bonde» var - langt på veg - synonymt med bygdefolk. Den frilynte ungdomsrørsla var - i starten - også langt sterkare knytt til partiet Venstre. I 1917 gjekk t. d. debatten intenst om kor vidt det var Venstre som skulle halda fram med å vera partiet for bøndene, eller det var Norsk Landmandsforbund, som kort etter skifta namn til Norges Bondelag og så skipa Bondepartiet.

 

Frå den perioden har me heftet «Bondeheimen», som er eit opptrykk av stemnetalar på årsmøtet i Noregs Ungdomslag:

 

 

Lars Eskeland seier her i talen: «Ungdomen og bondereisingi»:

 

 

Men alle var sjølvagt ikkje like glad i nyskapinga og den økonomiske offensiven.

Forfattaren Mentz Schulerud (1877-1931) skreiv i 1904 under under pseudonymet

«Norske Norskesen» i boka

PARAFRASE OVER MAALLITTERATUREN

Ei rapastunn paa Kaffistova

Kaffistova, som paa norsk betyder kaffestue, er arnestedet for den ædleste bevægelse, et folk nogensinde har kunnet opvise, den bevægelse, som har reist sig i folkedybet, hvis formaal er at skaffe Norge et sprog, som ingen anden end nordmænd forstaar. Man vil indse, hvilke enorme fordele et land som vort, der er saa vakkert, at hele verden plager os i form av turister, der vil se og nyde, hvad der kun hører os til, kunde have af at være alene om kjendskabet til sit sprog.

 

 

 

Sida er sist oppdatert: 12/10-2018

Tilbake til hovudsida