Varemerke/logo og navnebruk
Historia om solfuglmerket.
Det var på eit årsmøte i Noregs Ungdomslag i 1922 at tanken om eit felles varemerke for forretningstiltak i norskdomsrørsla kom fram. Teiknaren Carsten Lien laga utkast til merke, som blei godkjent på årsmøta i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag i 1924 og 1925.
«Det er soli som kvar morgon kjem med ljos etter den myrke natti og vekkjer til ny rørsle og nytt liv. Og etter kvart som ho stig um våren er det som all naturi fær ny kveik og kraft av henne. Det er difor ikkje å undrast på at folk til alle tider hev gledt seg ved soli, hev dyrka henne og ofra til henne.»
Dette skriv Knut Liestøl i ei innleiing om bakgrunnen for at det nettopp blei Solfuglen,- sjølvaste fugl Føniks som skulle stå modell for varemerket til forretningstiltaka til norskdomsrørsla. Liestøl sluttar artikkelen slik:
«Hanen var symbol på nyvakning, nytt liv, ny dag. Difor hev Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag teke uppatt dette ærverdige stemningsrike sinnbiletet til sams merke for lag med lagsbruk. Over desse samlingsplassane våre skal ein sjå Solfuglen, og attum den renn soli. Og det kann snaudt tenkjast noko betre symbol på det nasjonale vekkjings- og upplysnings- og atterreisings-arbeidet som skal hjelpa oss ut or dei låke fylgjone av dei «fire hundrad år i natten» i målvegen.»
Varemerket Solfuglen er verna. Eigar er Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.
Det blei trykt eit eige hefte om lagsbruksmerket/solfuglmerket i 1925:
Produksjon og salg av ulike utgåver av merket ga ein del inntekter for landslaga dei første åra.
I 1983 teikna Ole Ekornes oppatt Solfuglmerket etter Carsten Lien sine tilvisingar frå 1925, og det er Ole Ekornes sin utgave av merket som blir brukt i trykksaker i dag. (Lagsbruksarkivet)
Myten om Fugl Føniks:
Samarbeidskonstellasjonen «Solfuglhotella» lanserte ein stilisert utgave av Solfuglen under forsøket på å etablera ei hotellkjede av dei største lagsbruka på 1980-talet. Det blei ikkje noko av hotellkjeda, og den nye Solfuglen blei aldri tatt i bruk.
(Det skal leggast inn biletfil av denne utgåva av Solfuglen)
Forretningane til Bondeungdomslaget i Oslo, Bøndenes Hus har gjort ei fornying av solfuglmerket i 2012:
I 1996 blei dette profilprogrammet gjennomført:
Ole Ekornes var ikkje tilfreds med at solfuglen blei «partert» slik.
Hordaheimen i Bergen laga på 1990-talet sin eigen logo – ulik andre lagsbruk:
Fram til Hitler-tyskland seint på 1920-talet tok i bruk Hakekorset som sitt «varemerke», blei det brukt av ein del lagsbruk - bl. a. på skilt og dekketøy. Skiltet under er frå ei kaffistove til BUL Ervingen i Bergen frå ca 1920. Så seint som i 1927 blei merket brukt ved opninga av Kaffistova til Ervingen i Strandkaien 2b.
Annonse frå 1920:
Det norske nazipartiet Nasjonal Samling (NS) brukte ikkje hakekorset, men den enklare, internasjonalt utbreidde figuren hjulkors som dei valde å kalla «solkors». Dei brukte dette blant anna i partimerket og i flagg for hirden og andre partiorganisasjoner. Merket var i fargane gult på rød botn. Dette symboliserte gammel, nordisk, «arisk» kultur - dei same fargane som Noregs Ungdomslag hadde valt i sitt merke.
Noregs Ungdomslag endra lagsmerket sitt etter dette, men fargane er dei same fram til i dag.
Bondeheimen og Kaffistova
Så langt me kjenner til, så er det aldri søkt om vern for desse namna. Det var heller ikkje «Kaffistovas mor», Marie Kviberg eller andre innan rørsla som «fann opp» nemninga «Kaffistove». Spesielt Kaffistova er blitt brukt av fleire private aktørar. Dette må vera teikn på at merkenamnet sto sterkt.
Olaf Almenningen skriv:
«Omgrepet «kaffistove» er eldre enn 1901. Mellom anna nyttar Garborg
ordet i Bondestudentar (1883). Hos Alf Prøysen (Ringsaker) er forresten
«kaffistugu» eit vanleg ord for lita stove/lite rom i heimen der ein drikk kaffi el.l.
Han nyttar det også om vanleg kafé. Tekstane hans i denne samanhengen er frå
1945-1960.»
Frå nettsida friele.no har me saksa dette:
«Kaffen ble kjent i Norge allerede ved slutten av 1600-tallet, men fikk først sitt gjennombrudd på 1800-tallet. Rundt 1840 - 1850 hadde kaffe rukket å bli en veletablert drikk i Norge. Importen økte fra 1/2 kg per person i 1825 til 2 kg per person i 1850, en firedobling som igjen ble tredoblet til 6 kg før 1914.
Frem til 1890 tallet ble kaffe solgt som rå, grønne kaffebønner i Norge. De ble brent hjemme hos forbrukerene; fordi kaffen fort mister smak og aroma etter at den er brent, stilles det store krav til rask omløpshastighet - noe som var umulig i Norge på begynnelsen av 1800-tallet.»
Det er lett å sjå for seg at utbreiinga av denne motedrikken har inspirert til navn på serveringsstader.
Nedanfor ser me at begrepet også i dansk ordbok er knytt til kafe/serveringsstad:
Det ligg eigentleg inga form for tilknyting til landbruket i nemningane «Bondeungdomslag» og «Bondeheim». Men i fornorskings- og nasjonsbyggingsprosessen før og etter 1905, var det viktig å hylla alt av «bondeætt». Her fann ein alt «det ekte norske», meinte mange.
Bruken av begrepet «Bondeheim» stør seg kanskje også til ei eldre tyding av ordet. I Nynorskordboka står det: «Bonde m. (norr bóndi, búandi, eigenleg presens partisipp av búa 'bu, ha bustad' eller fastbuande)» ein finn det same ordet i tysk og nederlandsk (Bauer/Bauen og Boer). I den tydinga er Bondeheimen ein stad der det bur folk - og det passar iallfall godt.
Skytningsstove
har óg vore brukt om ein serveringsstad, og det er tvillaust av eldre opphav enn Kaffistove. BUL Ervingen i Bergen bruka det på fleire av sine kafear. Selskapet Norskt Herbyrge, som også heldt til i Bergen, like eins.
Nynorskordboka: skytningsstove/skytningsstue: skytnings|stove f2; el skytnings|stue f2 (norr skytningsstofa) i norrøn tid: skjenkjestove, vertshus.
Samanskots|lag n1; el samanskotts|lag n1 = opprinneleg «spleiselag».
Namnet på restauranten Schjøtstuene i Bergen skal vera av same rot.
Schøtstuene bak Bryggen i Bergen. «Schøtstuene med tilhørende ildhus var basert på et fellessystem som i stor grad forsvant i løpet av 1400- og 1500-tallet. Hanseatene på Bryggen beholdt derimot fellessystemet og stuene var her i bruk helt opp til omkring 1840-årene.»
Frå artikkel i Wikipedia av David40226543 - Eige arbeid, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=8735616
25.08.2005 |
«Takk for skiftet» (Spørsmål til Per Egil Hegge) |
En leser spør hva som ligger bak uttrykket takk for skiftet, slik det er vanlig å si til borddamen eller bordkavaleren etter et selskapsmåltid, og hvor det nærmest betyr takk for samværet. Noen mener at det er fra sammenskuddsgildenes tid, altså da hver gjest bragte med seg en rett eller to, og at disse matrettene så ble skiftet, dvs. utvekslet. |
Avisa Den 17de mai 1920.03.08 - Lagsbruksannonsar: