Lagsbruk

Fase 1:

Kulturrådet har i brev 11.03.2010 gitt ei løyving til arbeidet med lagsbrukssoga:

Vedtak: "Kr 150 000 blir løyvd til innleiande arbeid med dokumentasjon og innsamling".

Søknad og vedlegg til søknad

Tildeling  og tilskotsbrev

Vilkår

Organisasjonen Norske kulturbygg var søkar, men etter at denne blei avvikla i 2012, er det Noregs Ungdomslag med organisasjonsnummer 939 550 550 som er eigar av prosjektet. Overføringa er rapportert til Kulturrådet og akseptert der. Rapport levert desember 2013.

Til å utføra oppdraget er tilsett Nils Seland. Telefon: 9066 6867. Epost: nseland@online.no

Til referansegruppe er utpeika:

Terje Svindseth (leiar)

Olaf Almenningen

Marie Nicolaisen

Astrid Grytting

Rapport fase 1: "Innledende arbeid med dokumentasjon og innsamling"  datert 31. des. 2013.

 

 

Fase 2:

Kulturrådet   Kulturvern

 

Søknad om stønad til fase 2  - datert 3. des. 2013:

 

 

Problemstillingar å gå nærare og djupare inn på:

Drøfting av prioritering for vidare arbeid frå 2014:

Hovudtema: Forretningsverksemda som skaffa pengar til sosialt og kulturelt arbeid. Viktig demokrati- , kultur- og nasjonsbygging som starta omkring unionsoppløysinga i 1905.

Deltema:

  1. Vidare arbeid med å dokumentera omfanget av lagsbruksverksemda.
  2. Finanisering av bygging og drift av Det norske teatret. Framstillinga bør skje i dagens kroneverdi.
    - Bygging av- og subsidiert husleige for Teatersalen i Bøndenes hus Rosenkrantsgt. 8. Oslo..
    - Finansiering av tomtekjøp.
    - Tilskot til drifta av teatret.
  3. Lagsbruka i Bergen (Hordaland) og dei som sto bak. Fleire hotell og kaffistover, trykkeri, avis og bank. Røter inn i næringslivskretsar. Sterke miljø (både i lag og næringsliv). Skiftande tider/"vekst og fall". Bankkrisa i 1920-åra.
  4. "Gud og Mammon". Korleis var lagnaden for dei høge ideala under skiftande økonomiske vilkår. Nynorsk-spørsmålet, ruspolitikk og skjenkerettsak (ideologi, utmeldingar og eksklusjonar), interiør/"husbunad": "Frå Kinsarvik til respatex". Oppbyggingstida etter 2. verdskrigen er verd eit eige kapittel.
  5. Statens fond for alkoholfrie hotell m.v. . Kva førte denne låne- og tilskotsordninga til.
  6. Lagsbruksfondet. Rørsla sin eigen "lakmustest" på internt samhald. Kor langt gjekk solidaritetstanken inn i organisasjonen? Fekk fondet noko å sei?. Investeringar i eigarskap i Dag Bondeheim, Skien og Bondeheimen i Flekkefjord på 1990-talet. Avviklinga av fondet.
  7. Forretningskonseptet: "Fyrsteklasses mat til tridjeklasses prisar". Kvalitetsprofil mellom "kneipa" og sosietetsrestauranten. Tradisjonsprofil. Abel Olsen: "Vi må servere lefsa på en ny måte".
  8. Styrarinna som "mor" for "stovegjentene". Trygge kvinnearbeidsplassar.
  9. Heim for landsungdom i Oslo. Kva hadde den å sei. Korleis var tilhøva for den tids innflyttarar samanlikna med dei som kjem til byen i dag? Ingeborg Juvkam var "mor" for alle dei som budde der frå 1929 til 1963. Juvkam fekk Kongens fortenstmedalje i gull for innsatsen sin for innflyttarane.
    Det var også eit forsøk på å bygga noko liknande i Bergen på 1960-talet. Det blei ikkje noko av.
  10. Sentrum/periferi:Det vaks "nedanfrå". Landslaga blei aldri med i oppbygging av forretningverksemda (NU hadde eit forsøk på aksjeteikning i 1960-åra). Dei hadde ein idé lokalt, men det var faktisk også god lønsemd i desse bruka frå starten av. Økonomiske rammevilkår før og nå.
  11. Tøttavangensaka. Konkursen der på 1970-talet gjekk inn i lærebøkene i jus. Eigarlaget miste alt dei eigde fordi forretninga ikkje var skipa som AS.
  12. Vidare arbeid med soga til det enkelte bruket eller eigarlaget - mellom anna på jakt etter lokale oppgåver som dei engasjerte seg i:
    * Lagsbruka i Troms løyvde betydelege summar over lengre tid til Trondarnes folkehøgskole.
    * Bibelen på nynorsk.
    * Mange avistiltak. (Gula Tidend, Agder Tidend, Dag og Tid, - - )
    * Hålogaland Ungdomslag og Vefsn folkehøgskule. I Vefsn hadde rørsla særskilt høg status.
    * Hemnes Ungdomslag: Kaffistove? Sjukestove i 1939. Sjukeheim overlevert kommunen i 1953.
    * Sunnmøre fril. Ungdomssaml.: Folkehøgskule, Sunnmøre museum, Husmorskule, Småindustrikontor
    * Vest-Agder Ungdomslag: Salskontor for heimeindustri.
    * Mållaget i Flekkefjord (med økonomi frå Bondeheimsdrifta) ga ut bladet "Grannen - samlingsblad for segn og soga", og dei tok initiativ til - og starta arbeidet med å bygga opp eit lokalt friluftsmuseum.
  13. Om liknande tilhøve i dei andre, store folkerørslene. (likskap og ulikskap).
    Misjonsrørslene/speidarrørsla, Fråhaldsrørsla, Arbeidarrørsla, Bonderørsla.

 

Tilbake til hovudsida