Lagsbruk

Bondeheimen i Flekkefjord

I 1911 opna Mållaget i Flekkefjord kaffistove i Kirkegt. og i 1916 kjøpte laget eigedomen i Elvegata, der Bondeheimen heldt til fram til den blei avvikla i 2004. Nabo-eigedomen Antzee-huset blei kjøpt i 1932. Frå 1985 har Bondeheimen vore aksjeselskap. Flekkefjord Ungdomslag og Mållag eigde i starten alle aksjane. Etter ein auke av AS-kapitalen i 1995 overlet Flekkefjord Ungdomslag og Mållag 75 % av eigarskapen til Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Lagsbruksfondet. Flekkefjord Ungdomslag og Mållag eigde fram til våren 2004 ialt 15 av til saman 65 aksjar i forretninga. Bondeheimen vart seld i april 2004.

◊◊◊

I sogeheftet til Noregs Mållag for oppstartsåra 1906-1914, finn me  dette årsmøtereferatet. Det syner at dei alt eit par år etter etablering av Kaffistova kan ta til med å løyva pengar til ymse formål. Etter pengeverdien i 2017 var løyvingane frå dette møtet ialt på omlag 21 000 kroner:

 

 

Det Norske næringsliv. [15] _1953_ Vest-Agder fylkesleksikon - Nasjonalbiblioteket:

 

Elvegata 9

Slik såg eigedomen ut då den blei seld i 2004:

 

I huset til høgre - i krysset Kirkegt.-Brogata - blei den første Kaffistova i Flekkefjord opna i 1911.

Foto frå 1912. Digitalt museum.

 

Dette huset på Torget i Flekkefjord blei kjøpt i 1916, og Kaffistova flytta dit. Seinare blei det også bondeheimsdrift (hotell). Biletet under er truleg frå 1920-talet. I 1932 kjøpte Mållaget også huset til venstre i biletet – det såkalla "Antzee-huset" med tilhøyrande uthus. Her var det hotellrom og selskapslokale fram til huset blei seld på 1990-talet.

Eigedomen blei seld og firmaet avvikla i 2004.

Med midlar frå lagsbruket er det bygd ei hytte omlag 10-12 km utafor byen. Der er det romsleg dansesal i kjellaren og god plass til alle laget sine aktivitetar.

Laget har endra navn og heiter i 2019 Flekkefjord Ungdomslag og Mållag.

 

Sida er sist oppdatert: 2. jan. 2019

Tilbake til hovudsida