Lagsbruk

Svolvær

Kaffistova i Svolvær blei først etablert i leigde lokaler i 1910, men i 1912 flytta stova til eige hus. Alt i 1915 var all byggegjeld betalt.

Kaffistova tok også initiativ til å starta stover i Melbu og på Andenes, Men dette blei ikkje vellukka.

 

Kaffistova var vidare involvert i etableringa av Vågan Folkehøgskule og gav betydeleg stønad til den. Skolen blei overført til eit eige Høgskulelag i 1922.

 

Det var eit vakkert hus dei bygde til kaffistovedrift i 1912.

Interiør 1914:

Kjelde: Gamle lofotbilder

 

Bilete frå 1950-talet:

 

Bilete frå 1970-talet:

 

Bygningen i 2014. (Den arkitektoniske verdien har neppe auka)

Foto: Nils Seland

Lofotposten 2015: Brann i nabobygget 2012. Kaffistova rive 2015.

 

◊◊◊

 

 

 

 

Lofoten og Vesterålen Ungdomslag var truleg dei første som vedtok denne forma for Tryggingsparagraf. Det ser ut til at det er gjort i 1915.

Kjelder:

- Nordlandsmuseet og private fotoarkiv

- Boka «Lofoten og Vesterålen Ungdomslag 1901-1931»

- Lofotpostens arkiv