Lagsbruk

Hamar

Bondeheimen L/L, Hamar

 

 

I Hamar Mållag starta i 1919 arbeidet opp med å få til ei kaffistove og bondeheim i byen. For å få driftsmedel vart det skipa til eit lottlag. Austmannalaget og fylkeslaget Breidablikk vart raskt med i arbeidet, og da kapitalen på kr. 50 000 var innbetalt i 1921 og L/L Bondeheimen, Hamar, stifta, var desse tre laga dei største lotteigarane. Husspørsmålet hadde vore den største vansken, men da laga fekk kjøpt bygarden Vangsvegen 33 i Hamar, løyste saka seg. Kaffistova vart opna 17. mai 1922. Bondeheimen vart styrt av eit råd og eit driftsstyre. Føremålet med Bondeheimen var å skaffe eit økonomisk grunnlag for norskdomsarbeid som innbydarlaga sto i brodden for. I åra 1962-1965 gjekk drifta med stort underskot, og i 1966 vart forretningsverksemda innstilt og eigedomen selt i 1967. I 1973 vart lottlaget L/L Bondeheimen, Hamar, oppløyst.

 

Stovejenter på Hamar

 

Då Fylkeslaget Breidablikk blei utløyst frå Kaffestugu på Røros i 1924 blei gevinsten investert på Hamar:

 

 

Les meir om soga til lagsbruka i Hedmark:

Livsminne: Olav Streitlien

 

Arkivportalen: http://www.arkivportalen.no/side/aktor/detaljer?aktorId=no-a1450-03000000026703

 

http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000000794 :

I 1968 deponerte L/L Bondeheimen, Hamar, ei rekkje arkivsaker i Statsarkivet i Hamar. I 1979 kom eit tillegg med fleire protokollar, og arkivsakene vart overdradd til statsarkivet i 1980. Da hadde sist fungerande formenn i driftsstyre og råd, Håvard Skirbekk og John Lundnes, gått gjennom arkivet, rydda og sortert. I 2015-2017 vart arkivet til Austmannalaget overdradd til Statsarkivet i Hamar. Her var det ei rekkje arkivsaker som høyrde til i arkivet til L/L Bondeheimen, Hamar. Arkivet til L/L Bondeheimen er derfor ordna omatt i 2017.

 

 

Vårt norske morsmål _ Austmannalaget 1899-1959 - Nasjonalbiblioteket:

 

 

 

I 1966 vart forretningsverksemda innstilt, og eigedomen selt i 1967. I 1973 vart lottlaget L/L Bondeheimen, Hamar, oppløyst.