Lagsbruk

Alvdal Kaffestugu

Frå soga har me saksa dette:

«Alvdal Kaffesttugu vart sett i drift før jul 1950 i Nyborg (gml. kommunehuset) på Steien. Det var dei frilynte ungdomslaga i Alvdal som gjorde opptaket til igangsettinga. På møte mellom ungdomslaga 17. des. 1949 vart det nedsett ein arbeidskomité for å føre saka vidare. Kvart av dei seks ungdomslaga var representert med ein medlem. Per Arnfinn Bergebakken fekk i oppdrag å kalle saman til det første førebuande møtet.

Alvdal mållag vart med, etter kvart også Alvdal Handelslag. Første formann var Albert Mikkelsen, og dagleg leiar (styrarinne) var Kaja Øyen frå N. Atndalen. Ho slutta ikkje lenge etterpå. Dei tilsette jobba saman ei tid framover, og til slutt rykka Synnøve Krokmoen opp og tok styrarjobben, og hadde han eit par år.
Den første tida hadde laga dugnad for drifta på «Kaffestu'un» m.a. med å hogge ved og plukke bær.
Starten krevde større driftskapital enn planlagt, slik at laga måtte «spøte ti mer» etter kvart.
Sjølve drifta gjekk økonomisk bra, og miljøet blant gjester og tilsette var «kjempemessig».
Første halvåret av 1961 vart Alvdal Kaffestugu fløtta frå Nyborg til forretningsbygget til Gunnar Sandmæl, «Bua» uti Steiggjelom. Dette lokalet hadde Kaffestua til nedlegginga i 1968.»

Over: Dei tilsette på Alvdal Kaffestugu i 1951, i hovudtrappa på Nyborg

 

Begge foto: Musea i Nord-Østerdal, Stift Nordøsterdalsmuseet

 

Sida er sist oppdatert: 28. des. 2018

Tilbake til hovudsida