Lagsbruk

Det Norske Teatret Det største lagsbruket

Starten:

L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Ihuga målfolk frå heile landet hadde teikna seg for luter à kr 15. Til skipingsmøtet hadde det kome inn kr 11.675. Det Norske Teatret hadde si opningsframsyning i Kristiania 6. oktober 1913, i teatersalen i Bøndenes Hus, etter eit år som reint turnéteater. Dei første tiåra heldt teatret til i Teatersalen, i 1930-åra var det tre sesongar i lokala til Centralteatret, under krigen på St. Olavs plass og frå 1945 til 1985 i Stortingsgata 16. Planane om å byggje eit eige hus hadde vore ei prioritert oppgåve i 72 år då teatret i 1985 kunne innvie nybygget i Kristian 4.s gate, som hyser teatret i dag. (Alfred Fidjestøl i allkunne.no)

Bondeungdomslaget i Oslo gjorde det muleg å etablera eit fast nynorskteater her i Teatersalen i Rosenkrantsgt. 8.

Driftsstønad:

Kåre Kolås: "Etter eit stort underskot for teatret i 1949 kom det spørsmål om tilskot frå lagsbruka, og utan at eg kan seie det nøyaktig, trur eg at det i alt vart betalt inn 50 000 kroner"

(Her er det nok ein god del meir stoff å henta.)

Bygging:

Pengane frå kaffistovene var viktige då det skulle kjøpast tomt til Det Norske Teatret i 1916. I 50-årsskriftet til Bondeungdomslaget i Bergen frå 1959, ført i pennen av Ivar Eskeland, heiter det:

"Den 8. juni 1916 drøfta styret eit brev frå Det Norske Teatret, som hadde fått på hand eigedomane Rosenkrantsgt. A og B og Kristian IV` gt. 4 i Oslo. Men teaterstyret visste ikkje rykande råd med å skaffa dei 100.000 kronene som det var krav om kontant. Etter framlegg frå C.B. Bugge vart det vedteke samrøystes (og utan altfor mange ord) at Kaffistova saman med Norskt Herbyrge skulle kjøpa desse eigedomane for teatret. Greitt og einfelt 100.000 på bordet. Kaffistova lånte, Herbyrget kausjonerte. Desse pengane er grunnlaget for byggeplanane, og tomtene ga teatret gode leigeinntekter fram til bygginga tok til".

Tomta til teatret er her merka med 209/169. Bøndenes hus med Teatersalen har nr. 207/200.

Meir historie om teatret.

Vedtekter

Utfordringar i vidare arbeid:

  • Dokumentasjon av bidrag frå BUL i form av subsidiert husleige for Teatersalen. I vedtektene for Rosenkrantsgt. 8 sto det (1969): "Leiga skal vera so låg som økonomien gjev høve til".
  • Oversikt over innskot frå lagsbruk til finansiering av drift og investering.

Kommentar:

Forfattaren av 100-årsskriftet i 2013, Alfred Fidjestøl fortel at boka Trass alt - Det norske teatret 1913-2013 ikkje har med noko utfyllande om kven som finansierte teatret. Han skriv likevel at Bygdeungdomslaget i Bergen ga stønad til kjøp av tomt. Dette er feil. Pengane kom bl. a. frå forretningane til Bondeungdomslaget i Bergen. ("Bygdeungdomslag" er ungdomsorganisasjonen til Norges Bondelag, mens "Bondeungdomslag" er eit lokallag i Noregs Ungdomslag/Noregs Mållag- helst eit bylag.)

 

Tilbake til hovudsida