Lagsbruk

Arkitektar og kunstnarar

Dei som etablerte lagsbruka hadde i lite grad tid til å bygga nye, arkitektteikna bygardar. Dei ville først og framst sikra seg sentrale eigedomar med eit stort innteningspotensiale. Men utsmykking av stover og hotell var det stort behov for. Lagsbruka var ein del av nasjonsbygginga, og nå skulle den norske bygdekulturen synast fram.

Lars Kinsarvik

Var ein kjend og svært produktiv treskjerar som har levert interiør til mange lagsbruk. Høgsetestolen her kjem frå ei samling som sto på Trønderheimen hotell i Trondheim. Då dette hotellet blei seld på 1980-talet, tok Kåre Kolås (biletet) initiativ til at Hordaheimen hotell i Bergen kjøpte møblane.

Det blei gitt ut ei bok om Lars Kinsarvik på Torsrud As Lokalhistorisk forlag, Lillehammer i 1996.

Av lagsbruk som har møblar etter Kinsarvik nemner me:

  • Kaffistova i Harstad. (Nedlagt i 2012) (Møblane truleg på museet i 2013)
  • Lagsbruka til BUL i Bergen (Hordaheimen)
  • Lagsbruka til BUL i Oslo (Bøndenes hus)
  • Norsk folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Møblar etter ei av Kaffistovene til BUL i Oslo
  • Lagsbruka til BUL Tromsø
  • Kaffistova i Rørvik. Stova er nedlagt, men Kystmuseet i Nord-Trøndelag Woxengs Samlinger i Rørvik har gjenskapt eit miljø frå kafeen. Kinsarvik sin høgsetestol til høgre i biletet. Den lokale målaren og amatørkunstnaren Petter Digre sto for resten av interiøret.
  • 100 år 100 navn : personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet

Kjenner du fleire stader der det fins/har stått kinsarvikmøblar, så gi oss eit vink.

Ole Ekornes

(1922-2004) I 1983 teikna han oppatt Solfuglmerket etter Carsten Lien sine tilvisingar frå 1925, og det er Ole Ekornes sin utgave av merket som blir brukt i trykksaker i dag. (Lagsbruksarkivet)

Glasmaleria under er montert i trappa opp til 2. etg. på hotell Bondeheimen i Oslo i 2013.

 

Frå Sverre Gammersvik sine minneord: "Faren, også Ole Ekornes, var komen frå Sykkylven på Sunnmøre og hadde arbeidd opp ei velrenommert fane- og dekorasjonsmålarforretning i Oslo. Denne forretninga overtok Ole Ekornes som 18-åring og dreiv vidare fram til midten av 60-tallet, då han tok til som dekoratør og konsulent i fjernsynet, NRK, der han vart sjef for Malersalen. Der hadde han sin arbeidsdag fram til pensjonsalderen.

Med sine kunstnarlege evner vart han ein naturleg medarbeidar for Klara Semb då ho gav ut sine instruksjonsbøker i folkedans, og eit par generasjonar av folkedansarar har vorte kjende med handtak og fottrin gjennom hans strek og figurar. For sin kunstnarlege innsats som dekoratør og arbeidet med folkedansen fekk han Kongens fortenestmedalje i sølv i 1996. Han etterlet seg ei mengd med teikningar. Særleg kan nemnast friser over forteljingane i Draumkvedet og i visa om Bendik og Årolilja.

Han vart utnemnd til heiderslagsmann i Bondeungdomslaget i Oslo  i 1989."

Olav Rusti

Olav Rusti var fødd i Vanylven på Sunnmøre 29. mars 1850 og døydde 3. februar 1920.
I 1895 flytta han og kona, målarinna Frida Hoeck Rusti, til Bergen og huset Urdi. Ekteparet var sosiale menneske, og dei gjorde heimen sin til eit samlingspunkt for kunstnarar av mange slag. Her dreiv Rusti målarskule, og her vart den første landskappleiken for hardingfele arrangert. (frå allkunne.no)

Foto av Urdi i 2004 etter at det er restaurert og tatt i bruk av Janne Gullaksen.

Les meir om Urdihuset i Michael Krohns gate 62, 5057 Bergen.

Olav Rusti har mellom anna vore rådgjevar for innreiinga under etablering av den første kaffistova i Flekkefjord i 1911 og for Skytningsstova til Ervingen i Strandgt. 77, som opna alt i 1903.

Bøye Prestegård har skrive ein artikkel om kunstnarparet. Den kan du lasta ned her

 

Teatermålar Rudolf Krog (1878-1928)      (Han bruka ikkje h i etternavnet)

Saman med kona si, Tora Berge, dekorerte han Midtrommet i Gjestestova i Ålesund til opninga i 1920. Rudolf Krog hadde fleire oppgåver - både i lagsbruk og ungdomshus.

  • I ungdomshuset i Gransherad i Telemark har han hatt eit stort arbeid med scenedekorasjon.
  • Ungdomshuset Vaarsol i Treungen
  • Ungdomshuset Valhall, Høyanger
  • Bondeheimen, Molde
  • Lagsbruk i Haugesund
  • Ungdomshus i Hardanger: Lofthus, Nordheimsund, Bjørgum (Voss),
  • -

(Denne lista vil bli mykje lengre)

 

 

Om Krog:

Mellom scene og sal : det malte sceneteppets ikonografi : en teatervitenskapelig og kulturhistorisk analyse av ungdomslagsteatret i Hardanger 1900-1940

 

Her ser du bilete frå Krog sitt arbeid frå 1927 med den første Kaffistova i Namsos:

 

Øyvind Grimnes

"Tusentrappene" i gågata: "Designen er det arkitekten Øyvind Grimnes (1887-1980) som står bak. Han var byarkitekt i Ålesund og har preget veldig mye av Ålesunds arkitektur. De best kjente verkene hans er kanskje Sjokoladebyen (1919), Aalesund Museums båthus (1933), Løvenvoldbygningen (reist i 1923) og Langevåg kirke (innviet i 1948). Mange kjenner også Øyvind Grimnes som tidligere kinosjef i Ålesund." Grimnes teikna ungdomshuset på Skodje, og truleg fleire hus på Sunnmøre.

 

 

Jonas Peson

Finsk kunstnar (1887-1952) som busette seg i Ålesund og som mala både altertavler og scenetepper og mykje anna. Harald Grytten (1938- ) har skrive ei bok om kunstnaren.

Biletet under heiter "Strand med fiskehjell" og er frå 1928. Det hang på Kaffistova i Lorkenesgata 3 i Ålesund, men blei tatt ned og flytta til Møre folkehøgskule i Ørsta då Kaffistova blei avvikla sist på 1970-talet.

Harald Grytten skriv i boka si: "Kulturmennesket Ivar Grøvik, som var en stor beundrer av Jonas Peson, skreiv om ham i Aalesunds Museums skrift nr. 11 (1979). Og der nevner Grøvik også arbeidet på Kaffistova":"Ei av dei første større dekorative oppgåvene hans var prydinga av Kaffistova, Ålesund då ho vart flytta til Lorkenesgt. 3 (Muldalsgården) i 1928. Merkelig nok skulle han også avslutte denne sida av kunstnergjerninga si i same huset i 1951/52" (ombygging).

Lars Osa

(1860-1958)

Portrett av Ola Mosafinn, 1887, Ungdomshallen, Voss (Ungdomshuset)

Interiør i Gimle i Bergen. (biletet under)

Torgeir Alvsaker

Kanskje er mest kjent for fleire karakteristiske og staselege ungdomshus i Hardanger.

Han var også arkitekt for Strandkaien 2b i Bergen, der BUL Ervingen hadde betydeleg eigarandel og dreiv kaffistove frå 1927 til april 2003.

Ervingen brukte Alvsaker til rådgjevar under ombygginga av Gimle omkring 1920.

Arkitektfirmaet Berner&Berner

Teikna Bøndenes hus i Rosenkrantsgt. 8 i Oslo. Ferdig 1913.

Firmaet blei seinare engasjert av Edv. Os til utarbeida typeteikninga til større og mindre Ungdomshus.

 

Johan Løvholt

Dekorasjonsarbeid på Tøttavangen i Narvik. Avisoppslag 22. juli 1919:

 

Magnus Dagestad

Arkitekt for bl. a. ungdomshuset i Nordheimsund. (biletet under).

Saman med Hordaland Ungdomslag var han sentral drivkraft i etablering og drift av Kunsthandverksskulen på Voss. Saman med kona, Helene sto han for innreiing på fleire tidlege lagsbruk i Bergen.

Bergslien-kunstnarane

Brørne Knud og Brynjulf Bergslien og nevøen deira, Nils Bergslien.

"Heilag-Olav på Hundorp".

Dette biletet - måla av Nils Bergslien er plassert på Hotell Hordaheimen i Bergen.

"Jolereidi" - sceneteppe i Voss Ungdomshall (innvigd i 1897). Måla av Nils Bergslien (1853-1928).

Halvard Hatlen

Dekorasjonsarbeid (olje) i 1952 i Kaffistova i Brønnøysund.

 

Frå Norsk kunstnerleksikon:

 

 

Frå Nordnorsk billedkunst & kunsthåndverk :

 

Edvar Valberg (1918-1996)

var ein av dei fremste målarkunstnarane frå Vefsn på nittenhundretalet. Edvar vart fødd 18. september 1918 og vaks opp på lærarjorda på Grane, der faren Aksel Valberg var lærar. Mora var Astrid, f. Øyen frå Inngarden på Øya.

Etter to vintrar på Vefsn folkehøgskule (1937–1939)  reiste han sørover for å utdanne seg som kunstnar:

1939–1940: Elev av Einar Sandberg, Lillehammer
1940–1943: Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Oslo under Per Krohg, Karl Høgberg og Olaf Willums. På same tid tok han Kunstakademiet og «Det illegale akademi» under Jean Heiberg og Axel Revold. Bjarne Engebrets malerskole, Oslo.

Frå 1945 til 1949  utdanna han seg til lærar på Nesna. I 1957–1958 gjekk han Statens lærarskole i forming. Han har arbeidd som lærar i Glomfjord, Ulsfjord i Troms, Grønfjeldal  i Rana, Ullensvang i Hardanger og til slutt i Vefsn (1972–1985). Han var gift med Marie Bjørsnes.

Heilt frå han som gutunge gjette kyr i Øydalen, har Edvar Valberg måla, og mens han arbeidde som lærar i forskjellige delar av landet heldt han fram med ein stor produksjon.  Han har utsmykka preikestol og frontpanel i Grane kyrkje. Fleire av bileta hans heng på Kulturverkstedet i Sjøgata.

Edvar Valberg var impresjonist – han måla naturen slik han såg han. Biletet som utsmykkar trappeoppgangen på Kaffistova vart måla sommaren 1979. Det er måla i ein annan tradisjon – kanskje gir han att eit minne av ein ungdomsdraum.

Eigarane av Kaffistova – Hålogaland Ungdomslag og Vefsn mållag – er stolte av at eit verk av kunstnaren Edvar Valberg pryder inngangen til kaféen.

  

Kjelder:              Norsk kunstnerleksikon (1982–86)
Asbjørg Sande: «Edvar Valberg» i Far etter fedrane 1997

 

 

 

Tilbake til hovudsida